ludopil-gruppen©

 

Tur med hagla til Klondyke - 15 oktober 2000

Skifertak ! - under Låven

 

Skiferhytta på Klondyke

 

Melsvatnet og Lundarvatnet sett frå Klondyke

 

Fugleperspektiv frå Klondyke mot Putlo

 

Motlys over Hanguren

 

Vegs ende - Kvilehytta, ganske nøyaktig 6 km frå bommen i Bavallen - stigning omlag 740 meter

 

Traktoren til nr.61 og ein motorsykkel (ikkje eit reinsdyr!)

 

Nyestølen

 

Heimveg

 

Stien

 

Klondyke - sett frå Øvre Putlo

Ta deg ein tur du òg!

Skiferdrifta på Klondyke og Klepp vart sett i gang omlag ikr. 1900.  Her var drift berre om sommaren og skiferdrivarane budde i Skiferbrakka på Klondyke, og forsyningar bar dei opp ein gong i veka.  Det var A/S Lønehorgen Skiferbrud som leigde berget, og det vart bygd løypestreng frå Flatekvål og opp til Klepp.  Drifta var dyr og vanskeleg og lønsemda lita.  Det var fyrsteklasses heller som vart laga i berget, men drifta vart nedlagd i 1927 og selskapet oppløyst.  (Kjelde: Levande Landskap av Johannes Gjerdåker)

Namnet Klondyke - hadde det med tru på å finna gull oppe i berget?  

Dersom nokon av lesarane har nærare opplysningar, er me takksame for tilbakemelding.

Heim garnfiske lundaholmen rypejakt horgi klondyke vaskemaskina fotbadl fisketur snjokanon il ludopil pappteater halvturr lyrikklaget avløysarlaget trehjulsgutane tempolett humlasilen hinsides

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02