ludopil-gruppen©

 

TIL OPPSLAG     

ULVIK HERAD 

Reglar for utanbygds buande reisande i høgfjellet.

 Utanbygds busette reisande i høgfjellet i Ulvik Herad bør helst reisa.

 

Reglar for fiske og fangst.

 Fiske i vatn og vassdrag er underlagt ordning med fiskekort. Fiskekort får ein kanhende kjøpa ved personleg frammøte hjå Hjadlane Galleri i Osa, mellom kl 09.30 og 10.15 annan kvar tysdag. Kvittering for betalt fisketrygdavgift må førevisast.

 Det er berre lov å fiska med handsnøre utan krok.

Fiske med garn, ruse, line, trål, gangva, harpun, oter eller mink, er ikkje tillete. 

Fangst må etast opp på fiskeplassen - hove, bein, innvollar og fiskeslo må takast med for levering til offentleg godkjendt deponi eller sertifisert heimekompost.

 Skrukketroll av lokal stamme er totalfreda.

Skrukketroll på gytevandring (i særskild gytedrakt),  og som vert fanga på levande agn etter 15.august, vert rekna som vinterstøing og må setjast ut att mest mogleg uskadd. 

Av omsyn til genetisk forureining må utanbygds reisande ikkje nytta lokale gytegroper. 

Rjupa må ikkje fangast i leikspel eller skjotast på sitjande.

 

Ferdsle og nattelæger.

 Sykling må berre skje på tilvist smal sti. 

Alle må sykla over tilrettelagde bruer, og bygging av nye, store bruer er tillete. 

Ved evt. punktering må det ikkje i utrengsmål nyttast lokale naturressursar ved reparasjon. Luft bør takast med på reserveflaske.

 Natteopphald må berre skje etter særskild løyve og i samsvar med stadfesta reguleringsplan. Det kan på førehand, på skjema fastsett av Teltstyret, søkjast om skriftleg løyve til mellombels eingongs-camping.

Reinsdyr, høne, trast, lomhund, natabjødn, tussalus mv. må ikkje uroast på nattekvist.

Foring med vaffelkake, eller utskjenking av framande rusmedel (td. GranVin, PinsVin, Mari-Johanna eller by-øl,)  må ikkje skje til beitande eller bufaste.

 Reisande kan fritt gjera bruk av overflatevatn i perioden desember - februar,

men berre når dette ikkje er til ulempe for kraftverket. 

Vedteki 18.mai 1987

Ulvik Sykkelstyre

 

 

Heim garnfiske lundaholmen rypejakt horgi klondyke vaskemaskina fotbadl fisketur snjokanon il ludopil pappteater halvturr lyrikklaget avløysarlaget trehjulsgutane tempolett humlasilen hinsides

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02