- KROLISTA
-
- Ein snikkar og ein snikkar til
- kom ein ettermiddag
- ilag
- i eit kransalag
-
- Sat fyrst fint og åt
- begge to
- men etter nokre turar på do
- kom dei i drøfting,
- korleis panelar me eigentleg innvendig, liggande kro
-
- Snikkar ein forklara det slik
- at paneling er meir å rekna som lafting
- halvt om halvt, og ikkje på line
- ein vegg fyrst og sidan dei hine
-
- Snikkar to var slett ikkje samd
- i måten å utføra slik ein skant
- det einaste rette er jamt om jamt
- og sidan bruka ei høvla list
- sa snikkar to, heilt til sist
-
- Då var snikkar ein, slett ikkje sein
- og viste til siste blad Byggdetaljer
- Men då vart brått alvorleg rabalder
- Dei for i hopes med spark og slag
- og slesst til det ljosna mot neste dag
-
- Måndagen etter var trasig og mørk
- Tung å møta og stilt dei seg lista
- tagale sat dei og drøv-tygde nista
- Såg på kvarandre med bondanger og sut
- faen og ! kor
me skjemde oss ut
-
- Når det lei mot kveld var det meir som det ljosna
- og til slutt dei vart samd om den evige sanning
- for snikkarar mest som ei evig forbanning
- For byggherre og arkitekt, dei eig ikkje vet
- for i beskrivelsen stod berre gips og tapet
-
-
til
Olav sin 40-års fest i Varmestova 25.07.98