ludopil-gruppen©

 

Til Kjell Magne
 
Før i tida, under Gerhardsen
var kle-klypene av eik
Du måtte ta dei inn kvar gong
elles vart det stygge merke på kvite dukar
Mor hadde eige forkle til dette
 
No er klypene av nylon og plastikk
kan vera ute heile året
Dei heng der i Januar - i storm og kuling
turnar svingstong utan problem
 
Ei og anna har nok bite seg fast
- står som fastfrose i rein protest
mot dei hine som er så lause på tråden
 
Eg veit kven av dei - som når våren kjem
ikkje har spenst att i fjøra
 
                                                                        16.september 1997

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02