ludopil-gruppen©

 

Artisten

No er eg lei av panel full av kvist
men eg har talent for å bli artist
Den påstanden vågar eg utan å skryte
og trur du meg ikkje, så spør Martin Kyte
Me tok ned gitaren frå veggen i stua
og rigga oss til nedi kjellarbua
 
Ein streng ned og dei hine opp
berre skru til eg seier stopp
Og C blei til A og ein ny bokstav
antageleg bomma me ein oktav
Me vrei og skrudde til halsen blei skakk
- det enda med at gitaren sprakk
 
Ja, slik kan det gå i mørke netter
heilt utan tanke på dagen etter
Aldeles fortvila eg gjekk til Marcato
og kjøpte eit spel med ein knapp for vibrato
- Med dette her kan du allting gjera
  ja, dra på turne i heile verda
 
Sist helg var eg gjest i eit 50-års-lag
med spelemenner av alle slag
Piano og trommer og straum på gitaren
og eg hadde ordna meg jobben i baren
Eg skjenkte opp kvitvin og øl i frå Hansa
ja! - kva gjer ikkje eg for å sleppa å dansa
   
Etter kveldens siste eg tok så sjansen
det var like før eg mista balansen
fekk med meg han Jon og me stod der parat
til ekstranummer på Vang Pensjonat
Med tru på Da Capo og jubelbrus
skulle me spela ein tolv-takters blues
 
Men hine i kompet var lei av å spela
særleg han Brynjel med fotsid fela
han tok med seg bassen - galen og brim-sur
-  ikkje faen om eg spelar E-dur !
Og eg hadde ikkje øvd meg på jass
så dermed gjekk heile "debyen" i dass
 
Så mi karriere som soloartist
den sluttar nok her ganske tragisk og trist
For draumen om æra og spelemannspris
var ikkje for meg som vassar i flis
Men, det var i går når eg stod og saga
at dette personlege diktet blei laga
 
                                       april -97

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02