ludopil-gruppen©

 

SKROMPEN
(til Bjarne Bakar)
Ein og ein, sat me der inne i Skrompestova
kom ikkje heim klokka to, slik me hadde lova
Seint eller tidleg, ja fram til presten si preike
sat me der bakfulle, blakke og bleike
Fyrst når Aarsnesen starta orgelbruset
gjekk me ut, på skrå bak Haalandshuset
Og når klokkaren streva med ny liturgi
Bonangergata, på leiting etter den smale sti
Ein kjenner seg mest som den bortkomne sonen
når ein ikkje ser forskjell på sola og månen
Og når trua på syndeforlating er forleten
ein stiltrar seg inn, helst i eitt med tapeten
No er Vossevangen Hotel blitt anneks
meir som bislag i Park sitt hotell-kompleks
og Skrompen er blitt den moderne Stallen
for Risikototo og slike med berre hest i skallen
Gamle Iversen er borte, det er ganske trist
og resepsjonen butikk for japansk turist
Og eg har slutta og gå på hotell
og glaner på fjernsyn kvar bidige kveld
Det einaste no som gjer hugen mett
er DaCapo frå Bergen og Sett og Frett
Eg er glad i god mat og ei flaske brus
me er blitt stovegrisar, eg og han pus
Eg kjenner meg ofte i slekt med katta
som var ute på rek heile fredagsnatta
Det var kjekt å fara slik ute om kvelden
det var før han blei operert av Skjelden
Han er ikkje no like annig og tent
men reknar seg meir som ein konsulent
For oss gjekk det greitt, me fekk oss ein pils
både eg og Alf, Johan, Marta og Nils
Ein og ein - ilag er det slik at me seier oss
me vonar at andre kan møta på Voss
ein Bjarne med stor nok termos til å dela
med nye som kjem - urolege i sjela.
	   	                   5710 i advent 1997

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02