ludopil-gruppen©

 

 

Innvandrar

Skjerveggen, Rio og Gjerald og Vangsnes
smale og silo og bakom ei hes
Vossing i bunad og Vossing i doss
gje meg ein Globus berre for Voss
 
Eg er ikkje Vossing av Milzow - ætt
men eg leser alt under Sett og Frett
Eg reknar meg sjøl som ein halv-vegs tamil,
og har heimekompost og eigen bil
 
Eg betaler for meg når eg går på påtto
og statistisk sett er eg tilflytta netto
By meg ein dram,  eg er lett å be'
for snikkar og sme' høyrer hin mannen te
 
                                september -96

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02