ludopil-gruppen©

 

SPRING-MADRASSEN
Eg heiter Ivar og bur opp i dalen
det eg likar best er å para smalen
Eg drøymer så godt i mi mjuke seng
med madrassen full av lett-tente springpeng
Eg skjønar så godt at vêren blir deppa
når han ikkje får vrengja overleppa
Det blir dott i bjølla og kjærleik mager
når erotikken blir lagt inn på fryselager
Eg undrast om Skaparen ikkje blir sturen
når han ser korleis me lurar naturen
Heile livet er spørsmål om prioritering
naturlegvis eller inseminering.
                                                Ivar Tråstølen -97

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02