ludopil-gruppen©

 

LYKLEHONKA
 
Eg fann dine lyklar på min sti
dagen etter regnet kom
kan hende er det også din sti
 
Litt rusta, mista or lomma di i går
snudde du deg etter nøttekråka
eller ville sjå Horndalsnuten
 
Eg såg ikkje, tankefull oppover
men fyrst på heimveg
ein før meg la dei på stokken
 
For det var vel ein, ikkje ei
ho ville teke vare på og late spyrjast
på samvirkelaget eller med lysing
 
Denne ei var gjerne italiensk turist
uviss korleis me gjer med hitta lyklar
kva heiter hitta lyklar på italiensk
 
Kva gøymer du bak din innvends lykel
kva farge har du måla di utvendsdør
hugsar ikkje du heller olja på dørstokken
 
Lyklar er mest like, kopiar av kvarandre
men honka – grei nok til å ordna lyklar
eller gjeve av nokon som er glad i deg
 
Eg fann dine lyklar til dine rom
liten vits for meg - når eg ikkje kjenner deg
Kan du vera gild å henta lyklane dine.
 
                                                                                                 august 2002

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02