ludopil-gruppen©

 

DEN FYRSTE SYKKELEN MIN
 
Dan fyrste sykkelen min fekk eg dao eg gjekk i barnehagen.
Da va billegsal på G-Sport dan dagen.
So me reiste ned på G-sport eg og ho mor,
og dar såg eg ein sykkel so gild og stor.
Han va lilla og kvit med svarte hjule,
og på pedallane va da refleksa so flotte og gule
Han Ingvald skraut og sa da va ein kjempe-sykkel
og inkludert i prisen fekk eg lås med nykkel.
 
Men sykkelen i butikken konne eg ikkje fao
so Ingvalden måtte pao lagore gao
dar fann han ein sykkel pao prikken lik
men so såg han nett pao ein dyr Diamant og
spurde: du vil ikkje ha ein slik ?
Nei, da va dan lilla og kvite Kynasten eg sku ha
ho mor samanlikna prisane og tykte da va endeleg bra.
 
Hjelm måtte eg jo ha, sjølv om eg ikkje ville
fø om eg kolta utan konne da gao riktig ille.
Da vart te slutt ein hjelm tå blå isopor
men eg prøvde han nøye han måtte ikkje vera for stor
For han måtte dekkja heila hove ikkje skli bak og dekkja halve
for dao konne eg knusa min vetle skalle.
So køyrde me heim att i vår blåe bil
og gjett kven som opna bagasjerommet, med eit kjempe-smil
 
Men so va da, at eg konne ikkje sykla
so eg sku nok helle hatt støttehjul enn lås og nykla
Men gjort er gjort
og med litt hjelp av naboguten Åsmund lærte eg å sykla fort
Om det vart litt knall og fall av og til e'kje so nøyent
skjønt av og til kunne det sikkert vera litt løyent.
Men alt knallet og fallet forsvant med tida
og som oftast har eg helde meg på beina sidan.
 
Så ta te vettet
lat bilen stå,
om de ikkje har
råd til støttehjul
får de heldå gå.
 
                                                                        Ivar Tråstølen jr.  -  okt. 1997

Kommentar frå norsklæraren:

Denne er fin !  Eg veit ikkje om I.Tråstøl er eit eit pseudonym (*1) og at du har dikta dette sjølv, eller om du har skrive av eit dikt du har funne einkvar stad (*2)
Dersom (*1) er det rette, har du gjort eit fint stykke arbeid med gode poeng !
Det er vanskelig, men kan vera artig, å skriva på dialekt !
I tilfelle (*2) har du gjort rett i å skriva forfattarnamnet utan å gje det ut for å vera eige arbeid.  Du kan likevel skriva det inn i boka di, få med ei lita innleiing (kor du har funne diktet, kven forfattaren er, om du kjenner han o.l.)
Kanskje du kan teikna til òg ?

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02