ludopil-gruppen©

 

                    HULDRA
 
Eg har møtt Huldra på Strandaleite
eg såg ho var ute med dyra på beite
Ho var hugen og skulle til Fagnastøl
til han Geirr for å ha seg  -  eit glas med øl.
 
Ho var så fager at eg blei frista
til meir enn å berre by fram nista
Ho stod der og viste seg fram bortpå myra
har du sett slike jur - ja eg meiner - på kyra.
 
Eg tenkte med meg, kva ser eg vel no
for eg hugsar so vel både Asbjørn og Moe.
Om Tuss og Troll og Nisser og Dverge
og om laksefangsten til Birger Berge
 
Eg tenkte på Sputnik og Vesleblakken
og ei Teskei-kjerring som letta på stakken
På Pannekaka og Tre Små Svin
og på "Sangen om den Røde Rubin"
 
Var det ein draum eller var det sant
eller var det mitt vetle vet som forsvant
Eg vakna brått av ein fælande lyd
det kom ifrå aust - eller var det frå syd
 
Det ringla i bjøller og spela på lur
var Rikskonserane ute på tur ?
det høyrdest ut som både Nøkken og Draugen
hadde jazz-konsert på Skulehaugen.
 
Brått blei det stilt, berre bekken klukka
og eg høyrde ein song -  det var reine lukka
Det kjekkaste ein Vossing veit,
og der, bak ein stein satt ein gubbe og dreit.
 
For i lia inn mot Styggedalen
var ein Raundals-bonde på leit etter smalen
Kven det var,  vil eg ikkje røpe
men han hadde ei slik hue frå Felleskjøpet
 
Det var slik eg fekk ei fornuftig forklaring
på at eg ikkje var blitt ein tullete raring
Men huldra og beista var borte i skodda
usynlege, - nett som ein Høgremann i Odda.
 
Eg tedde krakane og saumfar fledna
kvar tok du vegen, du vakre - du vena
Hadde kåno mi sett meg, ho sa eg var galen
no er det blitt hol i gjerde' på Valen
 
No trur ikkje eg på tusser og troll
eg er opplyst og fører jaktprotokoll
Og når eg skal på tur til Vatnaset
ser eg vær og føre på Internett
 
Men av og til, helst seint om kvelden
sit eg trollbunden, stirande inn i elden
Er det meir mellom himmel og jord ?
eg får spørja kommunen sitt Landbrukskontor
 
Men neste haust, ja vær du trygg
skal eg ha med meg rikeleg heimabrygg
Og jakta fjellet frå Stalheim til Reime
men eg trur eg skal venta til smalen er heime.
 
                                                Ivar Tråstølen   januar  -97

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02