ludopil-gruppen©

 

Rutebok for Norge

GJUKASTEIN

(trøystevers til jernbanefolk)

Sit no her - ventar på tur
har ærende på Vangen
Tenkte fylgja toget
det kjem vel om ei stund

Fredsamt berre sitja òg
lukta på silo og kreosot
Vinden leikar med tjøreblom og strå
ordnar til med flugebris

Skulle vore utpå med fjøla
Zulu Silver og ytst ein liten March Brown
Noko tidleg for sjøauren kanhende
men med litt tur - ein tert

Ko-ko, ko-ko, - oppi Honveshagen
fin tale for ein som berre har seg
Og sidan let hine ordna med fosterheim
har du sett slik gauk

Det er nok travle dagar på bøane
før var det rakste-tauser og staur
No er det helst NoFo-kanner
kan vel brukast oppatt dei òg

Skal sjå det er bakstedag på hi sida
kvite kvervlar frå eldhuspipa
Dei fyrar nok ikkje for kråkene
i utrengsmål på den kanten

Det vart hustre - må kneppa tettare inntil
er nok mykje etter ruta idag
Tru om isen snart er trygg over sundet
slik at eg kan fylgja bussen.

oktober  1997     

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02