ludopil-gruppen©

 

EIN KVIT STEIN
 
Ein dag du går einsam i skogen
skal du òg sjå etter i stien
om du kan snubla bort i ein fin stein
Eg var heldig, som fann denne kvite
 
Inne i denne steinen er eit løynd rom
eit rom for gode og varme tankar
veggar med fine bilete i ljose fargar
Noko anna skal ikkje her vera heime
 
Legg du steinen på ein lun stad
der solstrålane kan koma til
vil du òg kjenna at steinen vil gje
frå seg av varmen han har fått
 
Den varmen skal du ta vare på
Om du i dag sjølv kjenner deg varm
vil du i morgon møta einkvan som frys
og lengtar etter den varmen du no eig
 
Og om steinen ein dag kjennast kald
- kan hende låg han ei stund i skuggen
Ta steinen mjukt inn i handa di
så vil han snart få varmen attende
 
Du som kjennast ved slike steinar
kan varde din eigen sti
Kvite steinar på vegen ut
er òg gode å fylgja - på heimveg.
 
                                                                                                                             mai 1999

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02