ludopil-gruppen©

 

KROLISTA
 
Ein snikkar og ein snikkar til
kom ein ettermiddag
ilag
i eit kransalag
 
Sat fyrst fint og åt
begge to
men etter nokre turar på do
kom dei i drøfting,
korleis panelar me eigentleg innvendig, liggande kro
 
Snikkar ein forklara det slik
at paneling er meir å rekna som lafting
halvt om halvt, og ikkje på line
ein vegg fyrst og sidan dei hine
 
Snikkar to var slett ikkje samd
i måten å utføra slik ein skant
det einaste rette er jamt om jamt
og sidan bruka ei høvla list
sa snikkar to, heilt til sist
 
Då var snikkar ein, slett ikkje sein
og viste til siste blad Byggdetaljer
Men då vart brått alvorleg rabalder
Dei for i hopes med spark og slag
og slesst til det ljosna mot neste dag
 
Måndagen etter var trasig og mørk
Tung å møta og stilt dei seg lista
tagale sat dei og drøv-tygde nista
Såg på kvarandre med bondanger og sut
faen og !  kor me skjemde oss ut
 
Når det lei mot kveld var det meir som det ljosna
og til slutt dei vart samd om den evige sanning
for snikkarar mest som ei evig forbanning
For byggherre og arkitekt, dei eig ikkje vet
for i beskrivelsen stod berre gips og tapet
 
                                           til Olav sin 40-års fest i Varmestova 25.07.98

Heim Opp atto ein kvit stein oktober november lyklehonka gjukastein skrompen artisten huldra krolista til kjell magne småvilt innvandrar trioving risbiten kvit italiener springmadrassen sykkelen

web-master: ludopil design © - Ivar Tråstølen:  ludopil@online.no     Desse sidene er sist oppdatert den:  05.10.02